måndag 18. januar 2010

Oppgåve 19.1.

For denne økta har eg laga tre oppgåver:


  1. Skriv eit første innlegg på bloggen din. Her skal du fortelje litt om deg sjølv (kven du er og kor du bor) og kvifor du er student på kurset + kva du forventar å lære. Legg til etikettar på innlegget ditt.

  2. Gå inn og oppdater tidspunktet på bloggen din slik at det vert korrekt - Tips: gå til "innstillinger"

  3. Legg inn / Oppdater informasjonen om deg sjølv. Legg og til eit bilete. Tips: Tilpass - gadget - Profile - evnt rediger profil

  4. Lag ei bloggliste over bloggar som du meiner kan vere nyttige å følgje: Tips: Tilpass - legg til gadget - Bloggliste

  5. Post eit innlegg med ein video frå You Tube - Tips: Ver i html -modus og kopier embed -koden frå You Tube

  6. Få adressa til bloggen til dei andre i klassen. Gå til deira blogg - følg dei

  7. Legg inn gadgeten Followers slik at dei andre kan følgje deg - Tips: Tilpass - legg til gadget - Follower

Oppsummering etter første dag av oppstartssamlinga

Mandagen vart lang - nesten 8 timar. I lengste laget spør du meg, med mange - altfor mange(?)- inntrykk. Hadde vore kjekt med litt tilbakemelding...


Fint om du skriv ein kommentar der du listar opp tre ting som du syns var riktig spennande og som du vil lære meir om.

søndag 17. januar 2010

Velkomen til kurset "Produksjon av nynorske digitale læringsressursar"

Dette kurset er som de veit eit pilotstudium. Mykje skal prøvast ut: nye verktøy, nye tenester, nye former for samarbeid og nye måtar å lære på. Vi som faglærarar skal også lære mykje nytt - og prøve ut nye måtar å jobbe på og undervise på. Denne kursbloggen er eit slikt tiltak. Vi kjem tilbake til korleis den kan integrerast i kurset. Førebels kryssar vi fingrane og seier tvi-tvi!

Følgjande faglærar er involverte i kurset:

  • Carl- Richard Nybo-Christensen
  • Grete Netteland
  • Hjalmar Eiksund
  • Jan Olav Fretland
  • Kjell Skjeldestad
  • Knut Atle Skjær

Alle er tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, med unnatak av Hjalmar, som er tilsett på Nynorsksenteret i Volda. Grete Netteland er fagansvarleg.