onsdag 21. april 2010

Innleveringsoppgåve 4

Denne innleveringsoppgåva er tredelt. Ein del er knytt til wiki, ein til blogg og ein til Fronter. Wikien vår finn du lettast ved å gå via http://aorwiki.hisf.no/. Her kan du velje
NO300 Innføring i produksjon av nynorske digitale læringsressursar. Direkte adresse er http://aorwiki.hisf.no/index.php/NO300_Innf%C3%B8ring_i_produksjon_av_nynorske_digitale_l%C3%A6ringsressursar .

  1. Du skal forklare eitt av begrepa (OBS: fordel begrepa mellom dykk) som vi har drøfta i samling 4. Dette skal du gjere i form av ein wiki-artikkel på ca 10 liner. Alle medlemmene i gruppa skal gi minst ein kommentar til wiki-artikkelen din, før du til slutt gjer artikkelen ferdig. Det er opp til deg å ta omsyn til dei kommentarane du får. Artikkelen skal ha:
    • Minst eitt bilete
    • Minst ei lenkje til andre sider på internett der ein kan finne meir informasjon
    • Minst ei hyperlenkje frå eitt av begrepa du nyttar i teksten til ein ny artikkel du har oppretta (denne kan gjerne berre vere tekstleg – og svært gjerne kort – max 3 liner)
    • Minst eit ord/begrep i artikkelen din skal formaterast slik at du indikerer at du ønskjer at ei ny artikkel skal opprettast på dette ordet/begrepet.
  2. Du skal også lage eitt innlegg i bloggen din der du omtalar Creative Commons (CC) (t.d. kva dette er for noko, kvifor denne organisasjonen er viktig og kvifor det er lurt å lisensiere dei digitale ressursane sine).
    • Det er ønskjeleg at delar av dette innlegget er laga med ”The Newspaper Clippart Generator” som du finn her (http://www.fodey.com/generators/newspaper/snippet.asp). Her kan du generere ein avisartikkel som du så kan setje inn i bloggen din som eit bilete. Spesifiser målgruppa for blogginnlegget ditt.
    • Du skal også lisensiere din eigen blogg. Produser difor også ein CC-lisens som du legg inn på høgre side i bloggen din.
  3. Oppsummer i form av eit pdf-dokument (i Fronter innleveringsmappe 4) di erfaring med wiki-verktøyet:
    • Korleis var det å jobbe med wiki-verktøyet (positive og negative trekk)
    • Korleis handterte du kommentarane du fekk og kvifor
    • Utfordringar og muligheter ved bruk av wiki i grunnskulen.

tysdag 23. mars 2010

Innlevering 3

De skal laga ein nettartikkel på www.geoatlas.no. Artikkelen skal gje kunnskap om lokalmiljøet, om lokal kultur som song, musikk, historie, stadnamn, fauna, flora osv. ta ein kik på nettstaden for å få meir innsikt. Kravspesifikasjonar:

1 De skal følgja råd og rettleiing som ligg på Fronter, om å skriva for skjerm. Hugs språksjekk!
2 Det skal vera med lenkjer til andre nettstader
3 De skal ha med relevante bilde
4 De skal ha med ein videoproduksjon, laga i digtial historie-verktøyet eller tilsvarande verktøy
5 De skal laga ein kort tekst på maks éi side, lagra som pdf-fil, eller lydfil, der de beskriv korleis de ville bruka Fronter-artikkelen i skulen

Skriv til slutt ei kort framstilling i diskusjonsforumet som høyrer til innleveringa, eller her på bloggen. Der går du gjennom og vurderer prosessen då du laga dette læremiddelet: problem du støytte på, vurderingar du gjorde, løysingar du fann.

Lykke til!

tysdag 16. mars 2010

INNLEVERINGSOPPGÅVE 2

Oppgåve a
Du skal laga ein prøve i prøveverktøyet i Fronter innanfor eit fag som du underviser i, eller eit tema du er interessert i.
Prøven skal innehalda minst 10 spørsmål, og bruka alle spørsmålstypane i verktøyet.
Spørsmåla skal dekka alle nivåa i Blooms taksonomi.

Det er diverre ikkje mogeleg å levera prøven i innleveringsmappa, så prøven må leverast på følgjande måte:
• ta ei utskrift av prøven – ikkje til skrivar – men til pdf! (sjå nedanfor)
• denne pdf-fila kan du så levera i innleveringsmappa
• i bloggen for kurset skriv du korleis du har tenkt rundt spørsmåla (nivå, poenggjeving, ikkje-svar osv)

Oppgåve b
Du skal laga 10 interaktive nettoppgåver i HotPotatoes (minst 2 av programma skal brukast). Du kan gjerne ”gjenbruka” nokre av spørsmåla frå oppgåve a, men det skal òg brukast både bilete, lyd og video i minst ei oppgåve for kvar.
Spørsmåla skal eksporterast til html-filer og leverast i ei eiga mappe i innleveringsmappa (gjerne pakka). Pass på å få med eventuelle ressursfiler (bilete, lyd, video..)!

Spørsmål kan stillast i diskusjonsforumet på Fronter torsdag 18. februar kl 1800.

Individuell innlevering innan torsdag 11. mars kl 2359.

fredag 19. februar 2010

Innlevering samling 1

Som de veit skal blogg brukast i kurset til å reflektere over korleis de har jobba. Av denne grunn vert innleveringsoppgåvene lagt ut på kursbloggen, slik at også eksterne kan gå inn og sjå kva som var utgangspunktet for dykkar svar.

Sidan dette ikkje vart gjort ved utlevering av oppgåa til første samling, legg eg den ut no - i etterkant. Eg syns forresten de har vore kjekt å kikke på kva de har skrive!!

Oppgåveteksten til innlevering 1:

Del a) Du skal lage eit læringsobjekt. Dette kan innehalde eitt eller fleire element, som kan vere kopla saman. Det skal innehalde minst ein video, som du lagar i Moviemaker eller eit tilsvarande program. Maks tid pr video skal vere 3min pluss fortekstar og sluttekstar.

Del b) I tillegg skal du levere inn eit tekstdokument der du greier ut om korleis du har arbeidt med dette, korleis du planla, korleis de arbeidde med manus og dreiebok, o.a. Du skal også vurdere arbeidet ditt, t.d. ut frå skjemaet om MAKVIS brukt på pedagogisk programvare og elektroniske læremiddel (utlagt). Du står fritt til å vurdere korleis du vil bruke dette skjemaet. Du kan og trekke inn skjemaet om vurderingskriterium som de fekk utdelt på samlinga.

Denne tekstdelen skal vere maks 5400 teikn (utan mellomrom). Teksten skal leggast inn på bloggen dykkar. De vil få nærare opplysningar om innlegginga.

måndag 18. januar 2010

Oppgåve 19.1.

For denne økta har eg laga tre oppgåver:


  1. Skriv eit første innlegg på bloggen din. Her skal du fortelje litt om deg sjølv (kven du er og kor du bor) og kvifor du er student på kurset + kva du forventar å lære. Legg til etikettar på innlegget ditt.

  2. Gå inn og oppdater tidspunktet på bloggen din slik at det vert korrekt - Tips: gå til "innstillinger"

  3. Legg inn / Oppdater informasjonen om deg sjølv. Legg og til eit bilete. Tips: Tilpass - gadget - Profile - evnt rediger profil

  4. Lag ei bloggliste over bloggar som du meiner kan vere nyttige å følgje: Tips: Tilpass - legg til gadget - Bloggliste

  5. Post eit innlegg med ein video frå You Tube - Tips: Ver i html -modus og kopier embed -koden frå You Tube

  6. Få adressa til bloggen til dei andre i klassen. Gå til deira blogg - følg dei

  7. Legg inn gadgeten Followers slik at dei andre kan følgje deg - Tips: Tilpass - legg til gadget - Follower