fredag 19. februar 2010

Innlevering samling 1

Som de veit skal blogg brukast i kurset til å reflektere over korleis de har jobba. Av denne grunn vert innleveringsoppgåvene lagt ut på kursbloggen, slik at også eksterne kan gå inn og sjå kva som var utgangspunktet for dykkar svar.

Sidan dette ikkje vart gjort ved utlevering av oppgåa til første samling, legg eg den ut no - i etterkant. Eg syns forresten de har vore kjekt å kikke på kva de har skrive!!

Oppgåveteksten til innlevering 1:

Del a) Du skal lage eit læringsobjekt. Dette kan innehalde eitt eller fleire element, som kan vere kopla saman. Det skal innehalde minst ein video, som du lagar i Moviemaker eller eit tilsvarande program. Maks tid pr video skal vere 3min pluss fortekstar og sluttekstar.

Del b) I tillegg skal du levere inn eit tekstdokument der du greier ut om korleis du har arbeidt med dette, korleis du planla, korleis de arbeidde med manus og dreiebok, o.a. Du skal også vurdere arbeidet ditt, t.d. ut frå skjemaet om MAKVIS brukt på pedagogisk programvare og elektroniske læremiddel (utlagt). Du står fritt til å vurdere korleis du vil bruke dette skjemaet. Du kan og trekke inn skjemaet om vurderingskriterium som de fekk utdelt på samlinga.

Denne tekstdelen skal vere maks 5400 teikn (utan mellomrom). Teksten skal leggast inn på bloggen dykkar. De vil få nærare opplysningar om innlegginga.