tysdag 23. mars 2010

Innlevering 3

De skal laga ein nettartikkel på www.geoatlas.no. Artikkelen skal gje kunnskap om lokalmiljøet, om lokal kultur som song, musikk, historie, stadnamn, fauna, flora osv. ta ein kik på nettstaden for å få meir innsikt. Kravspesifikasjonar:

1 De skal følgja råd og rettleiing som ligg på Fronter, om å skriva for skjerm. Hugs språksjekk!
2 Det skal vera med lenkjer til andre nettstader
3 De skal ha med relevante bilde
4 De skal ha med ein videoproduksjon, laga i digtial historie-verktøyet eller tilsvarande verktøy
5 De skal laga ein kort tekst på maks éi side, lagra som pdf-fil, eller lydfil, der de beskriv korleis de ville bruka Fronter-artikkelen i skulen

Skriv til slutt ei kort framstilling i diskusjonsforumet som høyrer til innleveringa, eller her på bloggen. Der går du gjennom og vurderer prosessen då du laga dette læremiddelet: problem du støytte på, vurderingar du gjorde, løysingar du fann.

Lykke til!

4 kommentarer:

  1. Då var geoatlas artikkel ferdig. Det var veldig kjekt å jobbe med geoatlas, lærerikt og det å knyte det til bygda er eg spesielt glad i. Eg synest det er viktig at elevane veit kva som finnast i lokalmiljøet sitt og historie derfrå. Det har noko med identiteten å gjere meinar eg. Eg satsa friskt, så eg byrja med å filme små videosnutta om historia Tønna. Men desverre var snuttane ikkje små nok, fekk dei ikkje inni geoatlas. Då kontakta eg eigar på nytt og måtte innrømme at eg hadde bomme der, og han stilte på nytt og snakka inn lydkommentarar i photo story til bilete eg tok. Største utfordringa vert å levere artikkel for eg er litt usikker på om eg skal publisere eller sende på e-post til Jan Olav. Håpar eg får svar på det før 23.59 i kveld.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Innlevering 3 – Artikkel i GeoAtlas

    Eg valde ”Jugendbyen Ålesund” som emne for innleveringa mi i GeoAtlas. Som innbyggjar i denne vakre byen er det eit emne eg lenge har hatt lyst til å lære meir om. Etter mitt syn er GeoAtlas eit glitrande verktøy for ein slik artikkel, spesielt fordi det er lett å legge ut lyd, bilde, video og filvedlegg.

    Det var ikkje så mykje eg kunne om dette emnet før eg starta, men gjennom arbeidet med oppgåva har eg lært mykje og ser på byen med nye auge. Eg starta arbeidet med å intervjue ein kollega på skulen som kan mykje om emnet. Vegen vidare gjekk til Jugendstilsenteret der eg fekk svært god hjelp. Etter å ha møtt kuratoren på senteret gjekk eg ein tur i byen med kamera og tok bilete av hus eg har sett på i meir enn 10 år, utan å ha ”sett” dei før.

    Arbeidet med å legge stoffet inn GeoAtlas har gått greitt. Det er eit verktøy som er relativt lett å ta i bruk. Eg hadde venta at eg måtte ta val i samband med skrifttype, skriftstorleik osb i og med at dette var så sterkt vektlagt i oppgåveteksten. Slik sett var det ei positiv overrasking at dette var fastsett på førehand.

    Kravet om at det skulle vere med video til artikkelen har eg løyst med å lage to bildespel med detaljar frå interiør og ulike vindauge ein finn i Ålesund. Eg laga filmane i Photostory, men fekk problem med å laste opp filene. Eg fann ikkje heilt ut kva som var gale, men etter å ha kutta filmane til 30 sekund fekk eg lasta dei opp. Eg synest sjølv at filmane er litt for korte og har litt for raske rørsler, men det var slik eg fekk dei inn i artikkelen.

    Når det gjeld korleis eg ser for meg at artikkelen vert brukt har eg heile tida tenkt at sluttproduktet måtte vere eit vindauge i jugendstil, laga i leire. Eg har lagt vekt på at artikkelen skal ha mykje bilete av ornamentikk som inspirasjon for elevane sitt arbeid.

    Arbeidet med denne oppgåva har vore utruleg lærerikt, både når det gjeld verktøyet og sjølve emnet. Eg kjem heilt sikkert til å bruke GeoAtlas meir i framtida, både der eg lagar mine eigne artiklar men kanskje helst der elevane publiserer sine eigne produkt i dette verktøyet.

    SvarSlett
  4. Eg skreiv ein artikkel om Åknesremna på Sunnmøre. Artikkelen handlar om faren for flodbølgjer som følgje av skred i fjorden. Sjølv om det er langt vekke for elevane mine i Rogaland, bruker eg det ofte som døme når eg underviser om flodbølgjer. Det er ikkje berre i Thailand at tsunamikatastrofar skjer. Å finne stoff var ikkje vanskeleg, då eg kjenner fleire som er meir eller mindre involvert i beredskapsarbeidet. Det er dessutan skrive fleire artiklar, laga videosnuttar, teke bilete og nettsider om plassen. Eg har ikkje hatt moglegheit til å ta bilete sjølv, ei heller film, men eg har lånt bilete og film frå ulike nettstader.

    Eg likte å arbeide med GeoAtlas, og ser at det kan bli eit nyttig verkty i skulen. Eg merka meg at dei fleste artiklane som var publisert der, var frå Sogn og Fjordane, så i høve til arbeid med lokalhistorie for oss som bur litt i periferien(!), er det ein del arbeid som må gjerast.

    Eg hadde nokre problem med GeoAtlas, og dei var knytt til nettlesar. Problema løyste seg når eg arbeidde i IE, og ikkje i Chrome. Etter at eg hadde sendt artikkelen til publisering, såg eg at eg hadde gløymt å leggje inn kjeldene. Eg prøvde å skrive inn meir tekst, men det vart ikkje lagra.

    For meg er artikkelen ein god oppsamlingsbase for dei ressursane eg har nytta i undervisninga til no. Eg har sakna ein slik base, for det blir lett rotete i nettside-favorittane mine...

    Eg trur at eg kan kome til å skrive fleire GeoAtlas-artiklar, og det kan godt vere at eg lar elevane skrive artiklar. Slik kan ein kanskje få produsert fleire artiklar frå Rogaland òg.

    SvarSlett