onsdag 21. april 2010

Innleveringsoppgåve 4

Denne innleveringsoppgåva er tredelt. Ein del er knytt til wiki, ein til blogg og ein til Fronter. Wikien vår finn du lettast ved å gå via http://aorwiki.hisf.no/. Her kan du velje
NO300 Innføring i produksjon av nynorske digitale læringsressursar. Direkte adresse er http://aorwiki.hisf.no/index.php/NO300_Innf%C3%B8ring_i_produksjon_av_nynorske_digitale_l%C3%A6ringsressursar .

  1. Du skal forklare eitt av begrepa (OBS: fordel begrepa mellom dykk) som vi har drøfta i samling 4. Dette skal du gjere i form av ein wiki-artikkel på ca 10 liner. Alle medlemmene i gruppa skal gi minst ein kommentar til wiki-artikkelen din, før du til slutt gjer artikkelen ferdig. Det er opp til deg å ta omsyn til dei kommentarane du får. Artikkelen skal ha:
    • Minst eitt bilete
    • Minst ei lenkje til andre sider på internett der ein kan finne meir informasjon
    • Minst ei hyperlenkje frå eitt av begrepa du nyttar i teksten til ein ny artikkel du har oppretta (denne kan gjerne berre vere tekstleg – og svært gjerne kort – max 3 liner)
    • Minst eit ord/begrep i artikkelen din skal formaterast slik at du indikerer at du ønskjer at ei ny artikkel skal opprettast på dette ordet/begrepet.
  2. Du skal også lage eitt innlegg i bloggen din der du omtalar Creative Commons (CC) (t.d. kva dette er for noko, kvifor denne organisasjonen er viktig og kvifor det er lurt å lisensiere dei digitale ressursane sine).
    • Det er ønskjeleg at delar av dette innlegget er laga med ”The Newspaper Clippart Generator” som du finn her (http://www.fodey.com/generators/newspaper/snippet.asp). Her kan du generere ein avisartikkel som du så kan setje inn i bloggen din som eit bilete. Spesifiser målgruppa for blogginnlegget ditt.
    • Du skal også lisensiere din eigen blogg. Produser difor også ein CC-lisens som du legg inn på høgre side i bloggen din.
  3. Oppsummer i form av eit pdf-dokument (i Fronter innleveringsmappe 4) di erfaring med wiki-verktøyet:
    • Korleis var det å jobbe med wiki-verktøyet (positive og negative trekk)
    • Korleis handterte du kommentarane du fekk og kvifor
    • Utfordringar og muligheter ved bruk av wiki i grunnskulen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar